Feminismens fallitt

[090617] I dag er det opplese og vedteke at Noreg er blant dei lengst komne landa når det gjeld likestilling og kvinners rettar. Vi reknar oss iallfall sjølve som verdsmeistrar i likestilling, sjølv om vi på ingen måte var pionerar.

På mange vis var Sovjetunionen mest banebrytande. I Russland vart det like etter revolusjonen innført lik rett til utdanning, likeløn mellom kjønna og kvotering av kvinner inn i leiarstillingar og politikk. Kvinner fekk makt og posisjonar, og den kjende feministen Aleksandra Kollontaj vart den første kvinnelege diplomaten i verda – her i Noreg. Seinare vart Marina Teresjkova send ut i verdsromet som den første kvinnelege kosmonauten i verda. Ho vart ein folkehelt og eit ikon.

Den internasjonale kvinnedagen 8. mars har i alle år vore offisiell fridag i Russland, og er det enno. Kvinnene har fått vakre blomebukettar og sjampanskoje, ei slapp russisk etterlikning av champagne, frå ektemenn, vener og mannlege arbeidskollegaer. Kvinnedagen blir framleis markert offisielt, og det blir flagga og hengt opp banner i gatene.

Men likestilling i heimen vart aldri innført, og er heller ikkje vanleg praksis i dag. Kvinnene har jobba dobbelt og trippelt i alle år, men mennene har aldri hatt ansvar for barn eller husarbeid. I dei fleste åra med kommunismen var det eit slit å skaffe seg ting, det var køar og ventetider overalt. Det var i det heile eit tungvint og tidkrevjande system. Paradoksalt nok var det dei kvinnene som fekk mange barn, som fekk medaljar og vart haldne fram som førebilete, dei russiske heltemødrene. Desse var klart i fåtal, då dei fleste russiske kvinner fekk berre eitt barn. Dei orka ikkje meir. Prevensjonsmiddel var anten umoglege å få tak i eller av så dårleg kvalitet at dei sjeldan vart brukte. Løysinga vart dermed abort, og det var ikkje uvanleg for russiske kvinner å ta opptil ti abortar.

Etter glasnost og nedbygginga av sovjetkommunismen er mykje endra til det verre. Kjønnskvotering er avvikla som offisiell politikk, og talet på kvinner i politikken har gått ned. Det er heller ikkje like mange kvinner i leiarstillingar som før. Lønnsgapet mellom kvinner og menn er blitt mykje større, menn tener no forholdsvis temmeleg mykje meir enn kvinner.

Ein skulle tru at kvinnene no gjorde opprør og kravde sine rettar, men det gjer dei ikkje.
Kvinnene i Russland og andre tidlegare sovjetstatar står no i ein noko pussig situasjon, sett med vestlege auge. Omgrep som feminisme og likestilling er tilskitna og knytt opp til kommunisme og brutalitet. Kvinnene opplevde at dei vart tvinga til hardt (manns-)arbeid og bort frå det dei oppfatta som meir ”naturlege” kvinneliv. Rettane vart til plikter, og valfridom for kva liv dei ville ha, eksisterte ikkje. Feminisme er i dag blitt eit fy-ord, og likestilling, slik dei kjenner den, vil dei ha seg fråbedt.

Med kjennskap til forhistoria er det eit stykke på veg til å forstå. Men det er likevel underleg å sjå dyrkinga av det yndige, mjuke, naive og blonde som no veltar fram i reklame, magasin, fjernsyn og andre stader. Det er ein babe-kultur, der kvinner er lekre, enkle og tynne. Det er ein trend for å dyrke tradisjonelle kjønnsrollemønster. Å kunne vere heimeverande husmor er ettertrakta luksus. Å tene mindre enn menn, er berre rimeleg. Å vere ambisiøs eller lysten på makt, er ukvinneleg. It’s a mans world. Kor mykje kvinnene sjølve styrer denne utviklinga, er kanskje ikkje noko ein treng lure så mykje på. Kvinnerørsla er devaluert, og feministane har dårlege tider både i Russland og dei andre gamle sovjetrepublikkane.

Forfattaren Sofi Oksanen har skapt furore med romanen sin Stalins kyr, som kjem på norsk i vår. Oksanen er oppvaksen i Finland med estisk mor, og opplevde at Estland var noko ein ikkje snakka om. Den estiske bakgrunnen skulle skjulast. Men sommarferiar hjå bestemora i Estland og opplevingane der sette sterke spor. Oksanen tek i dette nummeret av Syn og Segn for seg lagnader og haldningar hjå estiske kvinner, og viser korleis den forvirra jakta på nye identitetar artar seg i dag. I eit anna essay tek ho for seg kor smaklaust det er når kommunismen blir artig og ufarleg nostalgi, og det er legitimt å tøyse med symbol på valdsideologi og overgrep. På få år er Oksanen blitt ei sterk og farleg røyst, og vi er glade for å presentere henne for eit norsk publikum.

I dag blir estiske jenter tvinga til prostitusjon, og trafficing er eit alvorleg problem. Det er eit langt steg frå stolte Kollontaj til livredde estiske jenter på ulovlege bordellar i Vest-Europa. Kva slags kvinnesyn er det som no rår i Estland og resten av det gamle sovjetregimet? Kven tek ansvar for å snu denne trøysteslause utviklinga? Det er freistande å seie at det er på tide at ein moderne variant av solidaritet hadde vore på sin plass, og at verdsmeistrane i likestilling bør kjenne seg kalla. Truleg vil ikkje kvinner i den gamle austblokka bli misjonerte overfor, men utviklinga er verken pen eller vakker. Vi bør iallfall ta det på største alvor, for dette er eit historisk tilbakesteg vi ikkje kan sitje stille og sjå på.

/Bente Riise
redaktør i Syn og Segn

▪ Norge

syn og segn

www.synogsegn.no
Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Syn og Segn kjem med fire utgåver i året.
Abonnentane er medlemmer i Det Norske Samlaget.
Det Norske Samlaget er eit uavhengig litteraturselskap som gir ut bøker på nynorsk (skulebøker også på bokmål). Medlemmene kan kjøpe bøker frå Det Norske Samlaget med minst 12,5 % rabatt.

Taggar
Skänk ett bidrag till Alba!
gilla.alba.3600px
Dela den här artikeln: